Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

7.1–7.6 KortSvar – Investeringsbeslutninger

  1. Investeringsutgift Summen ein må ut med når investeringa skjer.
  2. Økonomisk levetid Talet på år investeringa er lønsam for bedrifta.
  3. Innbetalingsoverskot Differansen mellom innbetalingar frå salet og utbetalingar til variable og betalbare faste kostnader som eit resultat av drifta.
  4. Utrangeringsverdi Marknadsverdien investeringa har ved investeringsperiodens slutt.
  5. Kalkulasjonsrente Avkastninga bedrifta forlangar av investeringa. Kalkulasjonsrenta er samansett av ei sikker bankrente pluss ein risikopremie som blir fastsett skjønnsmessig avhengig av bransje og investeringsobjekt.
  6. Tilbakebetalingsmetoden Ein tilnærma metode som viser kor lang tid det tek før investeringa er tent inn att.
  7. Noverdimetoden Ein eksakt metode som går ut på å rekne om alle framtidige innbetalingsoverskot til noverdi. Lønnsemdkravet er at dei framtidige innbetalingsoverskota skal vere større enn investeringsutgifta.
  8. Kontantstraum Ei oversikt over innbetalingar og utbetalingar i eit gitt investeringsprosjekt
  9. Internrente Renta som gir noverdi lik null.
  10. Internrentemetoden Internrentemetoden viser kva avkastning ei investering gir, og kravet til lønsam investeringar er at internrenta er høgare enn kalkulasjonsrenta.